Høyringsinnspel: Behald studiespesialisering og TAF/YSK ved Måløy VGS!

Måløyvgs.jpg
Høyringsinnspel angåande høyringsforslag om tilbodsstruktur ved Måløy VGS

Dette innspelet er skrive av heimflytta og tilflytta småbarnsforeldre i Måløyområdet som ber om at de beheld studiespesialisering og TAF/YSK ved Måløy vidaregåande skule. Vi er sjokkerte over høyringsforslaget og foreslegne kutt ved skulen. Vi fryktar at konsekvensane av dette blir langt meir alvorlege enn det som er blitt vurdert og at våre barn, dei kommande elevane, sitt beste ikkje er tatt til vurdering

Eleven sitt beste ligg ikkje til grunn i dette høyringsforslaget.
Den nye opplæringslova som trer i kraft 1. august seier «at ved handlingar og avgjerder som vedkjem elevar, skal kva som er best for eleven vere eit grunnleggjande omsyn». Slik høyringsforslaget ligg no, meiner vi at eleven sitt beste ikkje ligg til grunn. Det beste for våre barn og ungdommar er å ha valmoglegheiter lokalt og å få bu heime lengst mogleg. Søkartala viser tydeleg kva elevane meiner og ønsker. Dei ønsker moglegheita til å velje mellom yrkesfag, studiespesialisering og TAF/YSK ved Måløy VGS, og å kunne bu heime. Det er oversøking til både studiespesialisering og TAF/YSK og derfor eit tydeleg lokalt behov for desse linjene.

Vi treng ein god vidaregåande skule som rustar barna våre for framtida
For oss er ein god vidaregåande skule ein skule som rustar barna våre for framtida. Ved å legge ned studiespesialisering og TAF/YSK ved skulen, vel fylkeskommunen å legge ned eit velfungerande og populært tilbod, og gir ungdommen i Måløyområdet eit dårlegare tilbod med færre alternative studieretningar. Det er viktig å hugse at yrkesfag ikkje er for alle! Vi ønsker at barna våre skal ha valmoglegheiter lokalt. Vi er bekymra for at ungdomen kjem til å gi opp draumane sine og velje linjer dei eigentleg ikkje har lyst å velje, fordi dei ikkje ønsker å flytte vekk eller bruke for mykje tid på buss.

Vi fryktar at lang tid med pendling gir lite tid til skulearbeid, fysisk aktivitet og trivsel
Når barna våre blir tvungne til å bruke opptil 19 timar i veka på buss, er det også rimeleg å spørje seg kva tid dei vil få til skulearbeid. På studiespesialisering er det nødvendig at barna har tid til skulearbeid! Det gjer oss også bekymra for helsa til barna våre, då ein òg kan spørje seg kva tid og moglegheiter dei vil få til å delta i for eksempel idrett og andre fysiske aktivitetar. Dette kan også få konsekvensar psykososialt, då dei kanskje ikkje vil få eit nettverk rundt seg. Det vil også gi store konsekvensar for lokalsamfunna og tilboda ein har til barn og ungdom i området, då vi har behov for ungdommar som deltek i fritidsaktivitetar, er instruktørar for yngre barn, og som engasjerer seg.

Vi fryktar konsekvensane av ufrivillig flytting eller linjeval
I tillegg frykter vi konsekvensane ufrivillig flytting eller linjeval vil få når det gjeld meistring, trivsel og psykisk helse. Til dømes viser Folkehelserapporten frå FHI at 11% av gutar og 29% av jenter i alderen 16-19 år har eit høgt nivå av psykiske plagar. I rapporten kjem det også fram at slike utfordringar heng saman med fråfall i vidaregåande skule. «Unge uføre» av NRK viser at fleire ungdommar enn nokon gong hamnar utanfor både utdanning og jobb og at fleire ender som uføre. Vidare fortel NRK at ein ung ufør kostar Noreg 15 millionar kroner. Det er med andre ord snakk om ei stor utgift for samfunnet. Jørn Andre Stenseth understrekar at utdanning er nøkkelen til at folk ikkje skal falle utanfor, og at ulike utdanningsval må vere tilgjengeleg for alle og må tilpassast arbeidsmarknaden.

Vi fryktar at økonomi vil styre valmoglegheitene til barna våre
Vi er også bekymra for dei økonomiske konsekvensane hybellivet vil gi. Ja, ein kan seie at vi alltid har hatt hybelbuarar og at det går bra for mange. Men, dette forslaget vil gi langt fleire hybelbuarar enn regionen har i dag! Lånekassen gir stipend til ungdom som har minimum 40 km eller brukar meir enn tre timar mellom heim og skule. Dette gjeld alle ungdommar i Måløy og omlandet, då dei får meir enn 40 km til det som vil bli nærmaste VGS med studiespesialisering. Bortebuarstipendet dekker ikkje alle utgifter og alle har ikkje foreldre som kan hjelpe. Ungdommen blir då nøydde til å få seg studielån tidlegare og/eller er økonomisk avhengig av jobb ved sidan av skulen. Her er det viktig å skilje mellom ungdom som ønsker seg helgejobb og hybelbuarar som er økonomisk avhengige av jobb for å kunne bu vekke. Dette vil gjere at dei stiller økonomisk dårlegare enn andre som får bu heime. Samtidig viser undersøkingar gjort av Oslo Economics at elevar, som leiger hybel privat der familieøkonomi og marknaden for hyblar (inkl. høge leigeprisar) gjer bu-forhold krevjande, ikkje har det like bra som andre elevar. I eit samfunn der det blir stadig vanskelegare å få økonomien til å gå rundt, ønsker vi like moglegheiter for barna våre, og ikkje at moglegheitene for utdanning og jobb skal vere styrt av t.d. familieøkonomi eller at barna våre må stille dårlegare økonomisk enn barn som får bu heime.

Vestland fylkeskommune med satsing på eller nedbygging av kysten? Moglegheiter og tilbod er svært viktig når ein vurderer kvar ein vil busette seg. Her stiller allereie distrikta dårlegare med tanke på helsehjelp, då sentralisering av sjukehustilbodet t.d. har gjort at det er svært lang reiseveg frå heim til fødestove for å sette desse barna, som lokalsamfunnet sårt treng, til verda. Som foreldre og lokalsamfunn ønsker vi å halde på ungdommen vår lengst mogleg. Det er ikkje til å komme vekk i frå at jo lenger ein bur heime før ein flyttar ut, jo større er sannsynet for at ein flyttar tilbake. Dette er vi eit godt eksempel på, som sjølve har flytta tilbake med sambuar for å busette oss med eigen familie i Måløyområdet. Jobb og bustad er sjølvsagt avgjerande trekkfaktorar. Næringslivet i Måløy har uttrykt eit tydeleg behov for elevar med studiespesialisering og tilsette med høgare utdanning. I tillegg er skulen ein kompetansearbeidsplass som er aktuell for tilflyttarar. Tilboda ved skulen bør vere tilpassa arbeidsmarknaden. Her er det behov for studiespesialisering. Når det gjeld bustad har Kinn kommune planar om eit nytt bustadfelt med attraktive tomter midt i Måløy sentrum. Desse vil gjere det meir aktuelt, også for barnefamiliar, å flytte hit. Når ein ønsker å stifte familie og å slå seg ned er også gode barnehagar, grunnskular og vidaregåande skular svært viktig. Vi ønsker å vere med å utvikle kysten og kunne fortelje venner og kjende som vurderer å flytte hit at det er riktig, men forslaga frå Vestland fylkeskommune legg ikkje til rette for å få fleire familiar til å busette seg her!

Det er viktig at politikarane tar omsyn til foreldra sine bekymringar og elevane sine ønsker. Vi ber derfor om at fylkeskommunen beheld studiespesialisering og TAF/YSK ved Måløy vidaregåande skule.

Helsing svært bekymra heimflytta og tilflytta småbarnsforeldre i Måløyområdet, og dei som støttar oss i saka.

     

Signer dette oppropet

Ved å signere godtar jeg at Magnus Nore vil kunne se all informasjon jeg oppgir på dette skjemaet.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.


Jeg samtykker til behandling av opplysningene jeg oppgir på dette skjemaet for følgende formål:




Betalt annonsering

Vi vil annonsere dette oppropet til 3000 mennesker.

Lær mer ...