Opprop for villreinen: Stortingsmeldinga for villrein må forsterkast den 13.juni!

Kontakt personen bak underskriftskampanjen

Villreinen treng deg framleis – bli med vidare i La villreinen leva!

2025-01-12 15:26:59

Kjære villreinven

Fyrst og fremst: Villreinen treng deg framleis!  

OPPROPET VÅRT VART LEVERT til stortingspolitikarane den 13. juni 2024, og markeringa samla mange engasjerte menneske. Diverre vart stortingsmeldinga, som allereie var mangelfull, vedteken utan større endringar. Naturmeldinga, som kom i slutten av september, teikna heller ikkje nok godt bilete av for villreinen i tida som kjem. Neste steg vert arbeidet med tiltaksplanane, som låg til grunn for villreinmeldinga. Desse vert utruleg viktige, men heller ikkje her er signala sterke. Det må derfor arbeidast hardt i tida framover.  

VILLREINPOLITIKKEN I NOREG er fragmentert, sidan områda strekker seg over mange kommunar og er prega av ulike interessegrupper som brukar fjella og dyra. Dei som sit på fagkunnskap og jobbar med villrein, vegrar seg ofte for å vere politiske – noko som er forståeleg.  

GJENNOM OPPROPET har mange vist støtte og engasjement for villreinen. Dette inspirerte oss! Difor tok me eit naturleg steg vidare og stifta ein organisasjon som skal kjempe for alle dei 24 villreinområda på fastlands-Noreg.  

LA VILLREINEN LEVA! vart stifta den 25. august 2024 på Beitosdølen, med seks styremedlemmer. Organisasjonen bygger vidare på dei åtte punkta i oppropet, og sjølv i løpet av kort tid har me fått villreinen opp på agendaen. Vi har fått fleire medieoppslag og delteke i debattar, blant anna på Dagsnytt 18.  

LES MEIR OM LA VILLREINEN LEVA!: www.lavillreinenleva.no  

KORLEIS ENGASJERE SEG?

Me treng deg! Sjølv små handlingar gjer ein stor forskjell.      

  • Meld deg inn som medlem: Bli med du òg! - La villreinen leva!   
  • Del ditt engasjement: les eller bidra med tekst, bilete og idear.
  • Støtt oss ved å like og dele sakene våre på sosiale medium. ·      
  • Snakk med dei rundt deg om villrein.

 

Følg oss her:     

Nettside: www.lavillreinenleva.no 
Facebookgruppe: La villreinen leva! | Facebook 
Instagram : Villreinlykke        
Bluesky : La villreinen leva! (@villreinlykke.bsky.social) — Bluesky  


Villreinhelsing,

Bjarte Hestdalen

Styreleiar for La villreinen leva!

Guri Sørumgård Botheim

Nestleiar for La villreinen leva!

LavillreinenLeva!1.JPG


Bjarte Hestdalen



Del denne underskriftskampanjen

Hjelp dette oppropet å innhente flere signaturer.

Hvordan markedsføre et opprop?

  • Del oppropet på Facebook-veggen din og i grupper som har med emnet i oppropet ditt å gjøre.
  • Kontakt vennene dine
    1. Skriv en melding der du forteller om hvorfor du har signert dette oppropet. Det er mer sannsynlig at folk signerer hvis de forstår hvor viktig temaet er.
    2. Kopier og lim inn nettadressen til oppropet i meldingen din.
    3. Send beskjeden ved hjelp av e-post, SMS, Facebook, WhatsApp, Twitter, Skype, Instagram og LinkedIn.



Betalt annonsering

Vi vil annonsere dette oppropet til 3000 mennesker.

Lær mer ...