Nei til oppdrettsanlegg i Brandal
Kontakt personen bak underskriftskampanjen
Nytt tidspunkt for folkemøtet
2014-03-12 07:28:32Folkemøtet er flytta til førstkomande torsdag kl 17.00 på Ishavsmuseet i Brandal.
Det er viktig at flest muleg dukkar opp for å legge press på politikarane, så vi håper at du kjem.
Brandal
Folkemøte om oppdrett torsdag kl.14.00
2014-03-10 14:02:28Hareid kommune har kalt inn til folkemøte torsdag 13.mars kl 14.00 på Ishavsmuseet.
Vi stiller spørsmål ved legitimiteten til møtet når det blir halde på eit tidspunkt då folk er på jobb eller skule. Vidare er det blitt kalt inn på meget kort varsel og informasjon er kun publisert på Hareid kommune sine websider. Det framstår heller som om det blir lagt opp til eit propagandamøte for Salmar sine planar der ein legg opp til at færrast muleg møter.
Dette føyer seg inn i rekka av brudd på vanleg sakshandsaming og manglande demokratisk respekt for innbyggjarane frå ordførarar Anders Riise og administrasjonen i Hareid kommune.
Vi oppfordrar likevel flest muleg til å møte torsdag kl 14.00.
Brandal
Lik vår Facebookside!
2014-03-07 14:12:23Takk for at du har engasjert deg i arbeidet mot oppdrettsanlegg i Brandal.
Vi har fått inn eindel underskrifter, og vi har over 300 likes på Facebook. I starten spreidde bodskapen seg av seg sjølv via sosiale medier, men vi ser at mange som har signert på oppropet ikkje er medlemmar på Facebooksida vår. Denne kan du finne her:
https://www.facebook.com/neitiloppdrett
Vi set pris på om alle som har mulegheit blir med der. Til fleire som blir med, til større viral spreiing får bodskapen.
Inviter gjerne dine venner og bekjente til å skrive under denne kampanjen og bli med på facebooksida.
Det er viktig for saka at vi klarer å mobilisere flest muleg. Per dato er det uvisst kva som skjer med Salmar sin søknad, ettersom verken ordførar eller administrasjonen i Hareid kommune ønsker å svare på spørsmål som saksbehandlinga og tidsbruken i den forbindelse.
Vi håper at flest muleg av dykk inviterer venner og kjente til underskriftskampanjen og facebooksida, så vil vi kome med oppdateringar.
Brandal