Nei til monstermaster, Nordhordland og Osterøy
STØTT KAMPEN OM URØRT NATUR I NORDHORDLAND OG PÅ OSTERØY!
Bur de i desse områda kan de no risikere å få monstermaster der de bur, då Statnett skal byggje nytt 420kV samband frå Samnanger til Øygarden. På det høgaste kan mastene bli 120 meter høge over Herdlefjorden og dei vil øydeleggje 20 meter på kvar side av mastene over alt. Sjekk ut Konsesjonssak - NVE for å lese meir om saka.
Vakre turområder og gardar vil bli øydelagte.
Den urørte naturen får vi aldri tilbake.
Sjekk under her kva område det gjeld:
Krossfjellet!
Gladihaug!
Eldsfjellet!
Brakstadfjellet!
Gaustadfjellet!
Håøytoppen!
Mongstadfellet!
Øpso!
Øyjordsfjellet!
Herdlefjorden
Radfjorden
Radsundet
Seimsfjorden
Osterfjorden
Er du på tur på ein av desse stadane av og til?
Bur du her?
Vil du ha monstermaster?
88 kilometer og fem fjordkryss!
Vi i "Nei til monstermaster Nordhordland og Osterøy" ynskjer at det vert utgreidd alternative trasar med bruk av sjøkabel og jordkabel, som vil gjere mindre skade på natur og lokalsamfunn. Det vert kanskje dyrare i kroner og ører og er meir teknisk krevjande, men pengane og teknologien finst der. Vi er over 43 000 innbyggarar i Nordhordland og no må vi stå saman!
Skriv under om du er einig med oss. (OBS! Hugs å trykk på tilsendt lenke på e-post i etterkant for å verifisere underskriften).
Med venleg helsing
"Nei til monstermaster Nordhordland og Osterøy"
Nei til monstermaster v/Gaute Åsebø Kontakt personen bak underskriftskampanjen