DE TI BUD- Flere enn ti foreldre?
Gjest |
/ #262014-09-08 23:12Fra Vårt Land. Meiner plakat-nekt berre skaper meir bråkDå rektor tok ned plakaten med dei ti boda, blei saka endå meir betent enn før saka kom opp, påpeikar professor Sturla Stålsett. Foreldre til elevar på Øyslebø oppvekstsenter i Marnardal har starta underskriftskampanje for å få tilbake dei ti boda på klasseromsveggen. Etter ein klage frå ein besøkande ved barneskulen på Sørlandet, bad Fylkesmannen om forklaring frå skulen på kvifor ein plakat med dei ti boda hang på veggen. Fylkesmannen konkluderte med at plakaten ikkje braut opplæringslova, sidan den ikkje er forkynnande. Rektor valde likevel å ta ned plakaten for å ikkje skape meir debatt. – At den besøkande reagerer på plakaten viser innslag av berøringsangst for religion, seier Sturla Stålsett, professor ved Menighetsfakultetet. Han var også leiar for utvalet som på oppdrag frå Stoltenberg II-regjeringa leverte rapporten «Det livssynsopne samfunn», som mellom anna skulle peike ut retning for religion og livssyn sin plass i det offentlege rom. LES SAKEN: Rektor fjerna dei ti boda - nå krev foreldra dei tilbake Strid. Rektor sitt val om å ta bod-plakaten ned har skapt strid i bygda. Skulefar Anders Jørgensen har sørgja for at debatten som rektor ville unngå, no rasar likevel. Underskriftskampanja dei har sette i gang hadde fredag ettermiddag fått 100 signaturar, i tillegg til den heite debatten på fleire Facebook-sider. – Er vi så såre at vi ikkje toler noko som helst? Eg er ikkje personleg kristen sjølv, men ein plakat med boda på veggen bør vi tole. Kva med å i tillegg henge opp kardemommelova og grunnverdiane i humanetikken også, i staden for å ta ned dei ti boda? spør underskriftsansvarleg Anders Jørgensen. Markerer territorium. – Det vi bør leggje merke til, er at den tilsynelatande nøytrale linja som skulen forsøker å følgje, får motreaksjonar. Då blir saka betent, noko skulen i utgangspunktet forsøkte å unngå. Foreldremobiliseringa for å få plakaten opp igjen er ein måte å markere territorium på, seier Sturla Stålsett. Han meiner Fylkesmannen i Vest-Agder si vurdering er god. – At det heng religiøse gjenstandar eller tekstar på veggen er uproblematisk så lenge formålet ikkje er at alle skal tilslutte seg bodskapen, at gjenstanden ikkje seier noko om skulen sitt verdistandpunkt eller at elevar opplever ubehag ved han. Ein må heller ikkje stenge andre religionar eller livssynsuttrykk ute, spesielt dersom det er elevar med annan bakgrunn i elevflokken, understrekar professoren. Mange kristenstridar. Politisk redaktør i Fædrelandsvennen, Vidar Udjus, har sett fleire betente saker knytt til kristendommen prege dagsorden på Sørlandet denne våren. – Når det som for mange er ein viktig del av tradisjonen blir konfrontert med ei stadig meir sekulær tidsånd, blir det temperatur. Slike saker engasjerar lesarane våre veldig. – Er temperaturen spesielt høg på Sørlandet? – Eg trur slike saker treff fleire her. At nyheitsankeret i NRK Sørlandet ikkje fekk bruke kors, at Sørlandet sykehus måtte fjerne biblane frå pasientromma og bod-saka er del av den same debatten. Sakene der kristne symbol og ritual blir pressa ut av det offentlege rom gir privatskulane gode kår, meiner redaktøren. – Dei er alle små drypp som gjer at fleire kristne privatskular blir starta og at dei får mange søkjarar.
|
|
Norges Ukraina-støtte må økes drastisk!
Stortinget må sette kunnskapen i arbeid for å stoppe naturtapet
Grundig revisjon av rasering av norsk natur
Stopp menneskerettighetsbruddene mot Maria Abdi Ibrahim!
Save NTA - the Norwegian Theatre Academy!
Utesteng Israel fra Eurovision!
NEI til flere høyspentmaster Madla/Krossberg/Friheim
Høyrebyråden angriper - signer oppropet for å bevare søndagen som fridag i Oslo!
Bevar Gaustadskogen
Realiser Rolf Jacobsen-senteret i Skappels gate 2 nå!
Stopp store velferdskutt i Bærum!
Stopp endringene i smittevernloven!
Er det noe du vil endre?
Endringer skjer ikke ved å være stille. Forfatteren bak dette oppropet reiste seg og gjorde noe. Vil du gjøre det samme? Start en sosial bevegelse ved å opprette en underskriftskampanje.
Start din egen underskriftskampanjeAndre underskriftkampanjer du kan ha interesse av
La Line Boleyn Melle beholde Stubberud Gård i Sørkedalen
693 Laget: 2025-02-01
NEI til nedbyggingen av Tromsømarka og hundeløypa bak Solneset skole
921 Laget: 2025-01-28
NEI til datasenter på Vagle
593 Laget: 2025-02-03
Appell om å sikre en fremtid for Shangri-La i Oslo
442 Laget: 2025-01-31
Stopp menneskerettighetsbruddene mot Maria Abdi Ibrahim!
6458 Laget: 2025-01-11
La Førde Barneskule leve!
360 Laget: 2025-02-01
Bevar Karuss skole som den er i dag
301 Laget: 2025-01-29
Bevar Fiskå skole!
296 Laget: 2025-02-03
Kunstneropprøret!
262 Laget: 2025-02-03
Vi vil ha kirsebærosten tilbake igjen!
383 Laget: 2025-01-27
NEI til å legge ned Flatene skule!
218 Laget: 2025-02-04
Nei til redusert åpningstid i barnehagene i Nordre Follo!
208 Laget: 2025-02-03
Ikke legg ned Sunde skule
173 Laget: 2025-01-31
Nei, til vindkraft på Krogstad i Lillestrøm kommune, like utenfor Oslo.
3477 Laget: 2025-01-16
Nei til monstermaster, Nordhordland og Osterøy
3767 Laget: 2024-12-04
Nei til ROP-boliger i nabolag
121 Laget: 2025-01-30
NORGE UT AV EØS / HELT UT AV EU
5292 Laget: 2023-05-25
Redd gårdsbestyrer-stillingen på Tveten gård
106 Laget: 2025-01-30
Beskytt partnervoldsutsatte!
211 Laget: 2025-01-28
Nei til massiv utbygging i strandsonen i Bergshaven og Blindleia
435 Laget: 2025-01-25