Hurtigbåt Ryfylke - Nei til kutt i rutetilbodet

Bakgrunn

Kolumbus har fått i oppdrag å laga ein rapport med forslag til kutt i rutetilbodet for hurtigbåtar i Rogaland. Målet er å spara pengar, og dette kjem av regjeringa har innført ein ny kostnadsnøkkel for båt og ferje. Dette gjer at det statlege tilskottet til hurtigbåtdrift i Rogaland (det vil med andre ord sei Ryfylke) blir kutta med titals millionar kroner innan 2021. 

I Kolumbus sine forslag til kutt er det først og fremst indre Ryfylke som blir ramma. Les meir om kuttforslaga her.

Hurtigbåten_nei_til_kutt_-_Sauda_Venstre.jpg

God kommunikasjon er naudsynt for å få til næringsutvikling og for å få fleire til å busetja seg i Ryfylke.

Kolumbus sitt oppdrag er å gje eit best mogleg kollektivtilbod til oss som bur i Rogaland og få oss til å parkera bilen heime. Det burde slik sett heller vore forslag til utbetring av tilbodet me hadde på bordet og ikkje kutt i det som me ser på som det beste og viktigaste kollektivtilbodet me har.

Ser me historisk på båttilbodet dei siste 50 åra, så vil reisetida ha auka med nærare 1 time i denne perioden på strekninga Sauda-Stavanger. Kuttforslaga som er foreslått blir difor som å gå baklengs inn i framtida. Redusert rutetilbod gjer det meir tungvint å reisa i Ryfylke, og særskild mellom Ryfylke og Stavanger. Kuttforslaga vil, om dei blir gjennomført, slik vera med på å byggja ned distrikta.

I den prioriterte kuttlista til Kolumbus ser me at ein ønskjer å kutta i dei beste og viktigaste reisetilboda me har per i dag. 

Ikkje kutt i rutetilbodet vårt! 

 

- - -

Er du einig i dette? Skriv under på oppropet!