Ja til Bokbåt i Møre og Romsdal!
Sidan midt på sekstitalet har det vore bokbåtdrift i Møre og Romsdal. To gongar i året besøker bokbåten små bygder inne i fjordane og ute på øyane, lasta med bøker, kultur og opplevingar. Møre og Romsdal fylkeskommune finansierer og er ansvarleg for drifta.
Den same båten går også i Hordaland, men sjølve drifta er satt ut til eit folkebibliotek noko som er meir i tråd med utviklinga.
No er et slik at fylkeskultursjefen og fylkesbiblioteksjefen i Møre og Romsdal ønskjer å legge ned drifta av bokbåten her i fylket.
Kultur- og folkehelseutvalet har utsatt avgjerda med eitt år, til juni 2019, og administrasjonen skal utgreie vidare moglegheiter.
Vi meiner at om det skal bu folk på små stadar i Møre og Romsdal, må det skje noko der. Og det er heilt uforståeleg om ikkje kulturen kan kome sjøvegen i kystfylket Møre og Romsdal. Ingen annan insitusjon har formidla litteratur og bringa kultur ut i distrikta i så stor skala som bokbåten har gjort. I staden for å legge ned, meiner vi at bokbåten kan moderniserast og utnyttes meir.
Vi ser på bokbåten som ein viktig litteratur- og kulturformidlar for dei som bur i utkantane i fylket vårt. Vi ber Kultur- og folkehelseutvalet sjå på nye måtar å drifte og organisere bokbåttenesta på, modernisere i staden for å legge ned, og sikre vidare drift av bokbåten i Møre og Romsdal.
Katrine Solberg Kontakt personen bak underskriftskampanjen
Kunngjøring fra administratoren av dette nettstedetVi har avsluttet denne underskriftskampanjen og har fjernet underskrivernes personlige opplysninger.EUs personvernforordning (GDPR) krever en legitim grunn for lagring av personlig informasjon, og at denne informasjonen lagres kortest mulig. |