Nei til rasering av Øksnesmarka og Åråsvågen

Øksnesmarka mellom Årås og Øksnes er det største urørte naturområdet i Austrheim, med ein flik av INON (offentleg kategori for inngrepsfritt naturområde). Området er naken lynghei som grensar ut mot Åråsvågen og leiar ut mot Øyane, sjølve indrefileten i det austrheimske naturlandskapet. Marka er rekreasjonsområde for bustadfelta rundt med eit nett av turstiar og fiskevatn og har betydelege naturverdiar. Likevel ligg dette området inne som næringsområde i gjeldande kommuneplan, men er ikkje regulert. Den største entrepenøren i Austrheim er no i ferd med å kjøpa seg inn i Øksnesmarka. Han driv m.a. med steinuttak og steinknusing, og vi veit det er planar om liknande verksemd i Øksnesmarka med uttransportering av svært store massar når reservane er oppbrukte andre stader i kommunen.

29351813_419646625146102_41924123983575013_o.jpg

Austrheim har kommuneplanen sin arealdel til revisjon. Styret ynskjer i den samanhengen å fjerna det svært store industriområdet frå kommuneplanen slik at Øksnesmarka og denne delen av kommunen får endra status til samanhengande LNF-område og slik vert verna mot større uopprettelege inngrep. Industriområdet er på om lag 550 daa og vil bandleggja om lag 1 km med strandline.

Til no har utbyggingar med omfattande naturinngrep vore konsentrerte til Mongstad-området medan Fosnøy har vore skjerma til fordel for gode bustad- og oppvekstmiljø med rekreasjon og naturoppleving som viktige element. Slik meiner vi det bør vera også i framtida, og rådmannen har vore samd med oss. I den første utlegginga av arealplanen rådde han til omgjering av industriområdet i Øksnesmarka til LNF. Eit knapt fleirtal i kommunestyret med Ap i spissen vedtok 22.02.17 likevel å ta inn att industriområdet i planen. Planen kom dermed ut på ny høyring med eit industriareal på om lag 700 daa, i siste instans redusert til 550 daa, men med ytterlegare bandlegging av over 100 daa i sjø til hamneføremål.

Gjennom aksjonsgruppa «Nei til rasering av Øksnesmarka og Åråsvågen» er det drive eit aktivt påverknadsarbeid med stands, underskriftskampanje, Facebook-aksjon, avisinnlegg og alliansebygging. Vi har samla meir enn 600 underskrifter mot utbygging, både på nett og papir. Saka har fått brei pressedekning både i BT og i lokalavisene. I juni 2017 var vi med å arrangera Øksnesmarkadagen med tur i trimløypa, familiedag i gapahuken på Øksnes og padling i Åråsvågen og Austevågane. Arrangementet vart vidareført med Marsj for Øksnesmarka og Padling for Åråsvågen sundag 17. juni 2018. Våren 2018 vart dessutan marka og vågane filma med drone. På turstiane og i kajakk stilte vi med statistar. Dronefilmen har fått mange likes på Facebook og har bidrege til større engasjement og fleire underskrifter mot utbygging.

I det lokalpolitiske miljøet har vi medspelarar i alle dei politiske partia bortsett frå i Ap. Den andre høyringsrunden synte dessutan at både Fiskarlaget Vest, Forum for natur og friluftsliv, Turlaget og Landbruksvinnelaget går i mot industri. Det gjer også Hordaland fylkeskommune, og Fiskeridirektoratet krev konsekvensvurdering av Åråsvågen.

Fylkesmannen varsla etter andre høyringsrunde motsegn mot næringsområdet. Grunngjevinga har vore storleiken på inngrepet, den negative konsekvensvurderinga og «ny kunnskap», dvs. kunnskap om trua naturtypar inkl. den sterkt trua sommarfuglen breibandpraktviklar. Fylkesmannen meiner Øksnesmarka har nasjonal verdi. Likevel har han etter tredje høyringsrunde varsla at han på visse vilkår kan opna for næring. Han er klar på at det skjer etter politisk press frå kommunen. Ei slik politisk kapitulasjon meiner vi er rein overkøyring av fagavdelingane på Statens Hus og naturmangfaldlova.

28954097_419646285146136_5704575545728875096_o.jpg

Kommunal arealplan for Øksnesmarka og Åråsvågen skal på ny høyring, sannsynlegvis i haust. Mulig dato for vedtak i kommunestyret er i april 2019. Eit knapt fleirtal i Austrheim kommunestyre har vedteke å leggja inn att eit 900 da stort område til industri og næringsverksemd, trass i motstand frå rådmannen og fire politiske parti. Det vil føra til store og uopprettelege inngrep i ope og vakkert landskap. Biologisk mangfald med raudlista naturtypar og sterkt trua artar vil bli øydelagd. Planane vil få store negative konsekvensar for friluftsliv, kulturminne, folkehelse og utmarksbeite i det største samanhengande urørte landskapet som er att i Austrheim. Med utbyggingsplanane som er skisserte, vil dei føra til minimalt med arbeidsplassar, og vi har meir enn nok næringsareal rundt Mongstad der Johan Sverdrup vil føra til ny vekst. Industri i Øksnesmarka er merkevareknusing som vil gjera kommune mindre attraktiv å bu i.

Den folkelege motstanden mot industri i Øksnesmarka og Åråsvågen er stor. Det viser underskriftskampanjen. Kjærleiken til marka og vågen er endå større, og vi krev å bli høyrde. Det skal vi klara gjennom mobilisering, arrangement og aksjonar. Slaget er ikkje tapt. Dette er ei sak vi kan vinna!

Aksjonsgruppa «Nei til rasering av Øksnesmarka og Åråsvågen» - Følg oss på Facebook, der du også finner mange bilder av området.


Naturvernforbundet Nordhordland    Kontakt personen bak underskriftskampanjen