Ikkje legg ned meieriet på Voss

Kommentarer

#203

Er mjølkeprodusent og vil ikkje at mjølka skal transporterast over lange strekningar. Og dei ansatte i Tine meieriet Voss skal behalda sine jobbar.

(Voss, 2019-05-29)

#210

Me trenger time Voss

(5710, 2019-05-29)

#211

Det er nok trafikk på vegane frå før, om ikkje mjølka vår skal køyrast milavis vekk.

(Gudvangen, 2019-05-29)

#212

Fordi me treng meieriet på Voss

(Voss, 2019-05-29)

#213

Fordi mange folk vil mista jobben

(Voss, 2019-05-29)

#223

Det må då vera galskap å køyra så mange tankbilar 20-40 mil på dårlege og farlege vegar kvar retning for å levera mjølk. Lokale, kompetanse, tilsette og lokalsamfunnet står klart med eit anlegg som går med overskot. Nøkkelen til levedyktige samfunn er lokal tilknyting og omtanke for menneske og miljø.

(Oppegård, 2019-05-29)

#231

Sentraliseringen som skjer i landet er langt fra positivt.

(5600 Norheimsund, 2019-05-29)

#234

Å legga ned eit meieri som går godt er idiotisk.

(Voss, 2019-05-29)

#242

Me treng arbeidsplassar i distrikta og. Er ikkje bra av miljøhensyn å køyre mjølka over lengre avstandar.

(Voss, 2019-05-29)

#243

Dette er viktig for bygda og landet!

(Voss, 2019-05-29)

#246

Meieriet høyrer til på voss, mange bønder som leverer melk.

(Holbygdvegen 299, 2019-05-29)

#250

Eg signera fordi Voss er ei sopass stor jordbruksbygd, og derfor treng me oppretthalda meieriet. Og ikkje minst for å halda på lokale arbeidsplassa.

(Voss, 2019-05-29)

#256

Fordi dette er sentralisering som er heilt meiningslaus !!

(Steen-Olsen, 2019-05-29)

#266

La meieriet og arbeidsplassene leve!

(Voss, 2019-05-29)

#269

Det er viktig å ta vare på Arbeidsplassane ved meieriet, i tillegg har meieriet drive godt.

(Voss, 2019-05-29)

#271

Meieriet er historisk!

(Voss, 2019-05-29)

#282

Jeg synes man må bevare mest mulig arbeidsplasser

(Gran, 2019-05-29)

#291

Det er eit meieri som er godt drive, og lagar gode produkt!

(Tjøme, 2019-05-29)

#301

Jeg signert fordi jeg mener at meieriet på Voss har stort betydning til folk på Voss, til de ansattene, og ikke minst til Tine sine kunder. Meieriet på Voss produserer bare de beste produkter. Jeg håper at meieriet på Voss skal videre å produsere og å sende de beste maten vår på bordet.

(Voss, 2019-05-29)

#303

Det går med overskot. Dyktige tilsette. Me må ha Vossadravle. Voss som jordbruksbygd MÅ ha eit meieri. No er det nok som reiser sørover.

(Evanger, 2019-05-29)

#308

Bevar meieriet på Voss. La arbeidsplassene forbli her på Voss.

(Vossestrand, 2019-05-29)

#309

Ynskjer å behalda desse arbeidsplassane på Voss. Kortreist

(Fana, 2019-05-29)

#311

Eg er oppteken av lokal verdiskaping, å ivaretaking av jordbruket og klima. Om ein legg ned meieriet på Voss vil ein svekka alle desse punkta! Tine skal vera eit meieri for bonden, då kan dei ikkje leggja ned der bonden er.

(Voss, 2019-05-29)

#318

Dette er vanvidd. Vi treng arbeidsplassar.

(Førde, 2019-05-29)

#325

Det miljømessig verkar sers lite gjennomtenkt. Korttenk i staden for kortreist ! Omdømetap og tap av lokal forankring. Og er det ikkje bra for folk flest, er det då eit klokt val ?

(Voss, 2019-05-29)

#327

Trøndere kan ikkje laga dravle, der heiter det kanskje gomme. Lokal tradisjonsmat må framleis lagast der det høyrer heime! La meieriet leva, så skal me lova ikkje laga innheradsost, trøndersodd, boknafisk osb.

(Voss, 2019-05-29)

#329

Jordbrukskommunen Voss treng Meieriet på Voss, og Meieriet treng Voss.

(Rådal, 2019-05-29)

#334

Lokale arbeidsplasser i Hordaland. Logistikk og ett voksende samfunn på Voss.

(Bergen, 2019-05-29)

#344

Me treng arbeidsplassane i bygda vår og dårleg miljøpolitikk å køyre mjølka langt avgårde!

(Voss, 2019-05-29)

#345

Arbeidsplassar og miljø

(Voss, 2019-05-29)

#349

Viktige arbeidsplassar i eit lite samfunn.
Me må ha Vossadravle, og den må lagast på Voss!!!

(Ulvik, 2019-05-29)

#352

Tine må tenka miljø ,både på den eine og andre måten.Voss treng meieriet ,og eg vil ha Vossadravle i butikken .

(Rådal, 2019-05-29)

#354

Meieriet må bestå!!

(Ulvik, 2019-05-29)

#359

Hald fred

(7112 Hasselvika, 2019-05-29)

#363

Eg bur på voss og me treng eit meieri på voss.de må ikkje finna på å legga det ned.da er folk sine arbeidsplassar det er snakk om.tenk på da.me må ikkje legga med alt.me treng meieri på voss.

(Vossestrand, 2019-05-29)

#364

Har jobba på meieriet i kvitosten ein gong. Treng meieriet og arbeidsplassane.

(Voss, 2019-05-29)

#372

Eg tykkje det burde fortsette. Og halde på tradisjonen.

(Voss, 2019-05-29)

#386

Det er ei klok, bærekraftig, lønsam og framtidsretta løysing å oppretthalde meieriet på Voss der råvarene er kortreiste, og ikkje minst tek Tine vare på kunnskapsrike, fleksible og lojale arbeidstakarar som dei treng for konkurransekraft i framtida.

(Voss, 2019-05-29)

#388

Me treng meieriet på voss.Eg er bonde sjølv,og tykkjer det er heilt uhøyrt att meieriet skal nedleggast.kva med alle arbeidsplassane våres?og kva med Voss??? Er ik me liksom ei levande landbruksbygd?kva vil det kosta og frakta denne mjølka så langt?Eg brenn for landbruksbygda vår og tenkjer også på våre etterkommara.Meieriet skal vera på voss.

(Vossestrand, 2019-05-29)

#389

Kortreist mat er miljøvennlig og en viktig arv- da kan vi ikke legge ned lokale meierier!

(Bergen, 2019-05-29)

#390

Meieriet er viktig for bøndene og heile Voss m/omland!!

(Vossestrand, 2019-05-29)

#393

Verdiskapning!!!

(Frekhaug, 2019-05-29)

#395

Eg signerer fordi eg er i mot sentraliseringen som skjer i samfunnet for tiden.

(SOGNDAL , Norway, 2019-05-29)

#400

Verne om arb.plassene i distriktene.

(Ulvik, 2019-05-29)