Bevar Øksnesmarka og Åråsvågen
Bevar Øksnesmarka og Åråsvågen som naturområde
I linken over er det mye informasjon og mange bilder fra området, også teksten gjengitt under finn du her.
-----
Eit inngrep vil føra til store og uopprettelege skadar i ope og vakkert landskap. Biologisk mangfald med raudlista naturtypar og sterkt trua artar vil bli øydelagd for alltid. Planane vil få store negative konsekvensar for natur, friluftsliv, kulturminne, folkehelse og utmarksbeite i det største samanhengande urørte landskapet som er att i Austrheim. Utbyggingsplanane som er skisserte, vil føra til minimalt med arbeidsplassar. Industri i Øksnesmarka er merkevareknusing som vil gjera kommune mindre attraktiv å bu i.
Den folkelege motstanden mot industri i Øksnesmarka og Åråsvågen er stor.
Odd Haugen AS ynskjer å utvikla eit næringsområde i Øksnesmarka. Det er forskjellige formar for næringsaktivitet som er foreslått, utan at det er konkrete planar på bordet. Det er grunn til å frykta at det blir gitt løyve til eit prosjekt med store konsekvensar for natur og folk i nærområdet.
No har utbyggjar engasjert Norconsult til å utarbeida reguleringsplan, med tilhøyrande konsekvensutgreiing for eit næringsområde på cirka 550daa. Her inngår ca 1 km strandsone og 2 km veg frå Dyrneskrysset og inn i sjølve næringsområdet.
Det er stor usemje i kommunen om saka, som har vore omdiskutert i mange år. I 2019 vedtok eit knapt fleirtal i kommunestyret at området skulle ligga som næringsområde i KPA. Arbeiderpartiet med ordførar Per Lerøy i spissen har heile tida vore pådrivaren for næringsområde, med eit par støttespelarar i Høgre. Alle andre parti har gått imot utbygging. Iht. partiprogrammet til Austrheim Høgre for inneverande periode ynskjer dei at næringsområdet ikkje skal regulerast til verksemd som skaper store permanente sår i naturen.
Gjennom aksjonsgruppa «Nei til rasering av Øksnesmarka og Åråsvågen» er det drive eit aktivt påverknadsarbeid med stands, underskriftskampanje, Facebook-aksjon, avisinnlegg og alliansebygging. Vi har samla meir enn 700 underskrifter mot utbygging, både på nett og papir. Saka har fått brei pressedekning både i BT og i lokalavisene.
Hausten 2022 var det høyringsrunde ifm oppstart av reguleringsarbeidet. Blant dei som kom med gode innspel var Statsforvaltaren, Forum for natur og friluftsliv, Naturvernforbundet og aksjonsgruppa. Norconsult forventar å ha reguleringsplanen klar rundt januar 2024.
Det har sidan 2016 vore gjort tre konsekvensutgreiingar knytt til næringsverksemd i Øksnesmarka. Alle desse tre har vore svært negativ til næring og desto meir positiv til landbruk, natur og friluftsliv (LNF). Statsforvaltaren sin rapport var også svært negativ, og konkluderte m.a. med at «Konsekvensen av ei utbygging av næringsområdet på den sterkt trua breibandpraktviklaren og sannsynlege førekomstar av dei trua naturtypane kystlynghei, kystmyr og naturbeitemark, vil vere ei øydelegging av desse nasjonalt viktige naturkvalitetane» og at «Det er mange nasjonale omsyn som gjer seg gjeldande på tema som naturmangfald, friluftsliv og strandsone. I eit regionalt perspektiv er behovet for eit næringsareal her lite dokumentert».
Nei til rasering av Øksnesmarka og Åråsvågen Kontakt personen bak underskriftskampanjen