Opprop mot vindkraft i Fjaler, Gaular, Hyllestad og Høyanger

Vi som skriv under på dette, er mot plassering av vindkraftanlegg i kommunane våre.

Vi vil ikkje at vindkraftanlegg skal øydelegge naturlandskap, miljø, friluftsliv og allemannsretten i fjella våre. Fjellområda betyr mykje både som rekreasjonsområde for menneska og som leveområde for dyr, fuglar og planter. Høge vindturbinar, omfattande veganlegg, fleire overføringslinjer og koplings-/trafostasjonar, blir så dominerande og skjemmande at vi ser det som øydelegging. Fjellområda våre har ein større og vidare verdi, enn det som kan målast i pengar slik kilowattimar kan.

Dette oppropet med underskriftene våre, er vår høyringsfråsegn til Olje -og energidepartementet, med krav om at areala i kommunane våre blir teke ut av nasjonal ramme for vindkraft.

Alle som ikkje har signert på papirlister kan signere.

Høvenova.jpg


Informasjonskomiteen mot vindkraft    Kontakt personen bak underskriftskampanjen