NEI til å legge ned Flatene skule!

Kommentarer

#2

Flatene skule er ein unik skule som er skreddersydd for dei minste!

Tara Horstad Kjøsnes (Førde, 2025-02-04)

#3

Å legge ned ein svært høgtfungerande skule i Førde for å spare penga, når nødvendige utrekningar for å ruste opp ute- og inne på Halbrend skule ikkje er føreteke, vitnar om useriøsitet. Vi godtar ikkje at våre barn skal ende opp i brakker fordi «endringane tok lenger tid og vart dyrare enn kommunen hadde førespegla seg»..
Halbrend skule er ikkje eigna for småskulebarn og sfo, og reknestykke for ombygginga er eit minimumskrav før noko form for iversetting av slike kuttforslag!

Camilla Olset (Førde, 2025-02-04)

#15

Flatene er ein heilt spesiell skule, som ikkje let seg erstatte ved flikking og ombygging på ein mykje eldre skule, som ikkje er tilpassa dei yngste elevane. Er det verkeleg 6-åringane som skal ta støyten for at kommunen slit med økonomien? Høyr på borna og la Flatene skule leve!

Torbjørn Mostrøm (Førde, 2025-02-04)

#22

Flatene skule er bygd for dei små og må behaldast

Camilla Godø (Førde, 2025-02-04)

#33

Barnebarna mine går der og trivast veldig,veldig godt.

Marit Storøy Grønsberg (maritsg@yahoo.no, 2025-02-04)

#36

Vil at skulen skal bestå. En trygg skule godt tilrettelagt for dei minste. En skule som fleire store byggefelt sokna til

Jan Svoen (Førde, 2025-02-04)

#37

Ynskjer at vi får beholde Flatene skule.

Ann-Mari Leknes (Førde, 2025-02-04)

#46

Eg ønsker at mine barnebarn skal få fortsette og gå på skulen dei er så glade i!

Monica Blom Øvretvedt (Førde, 2025-02-04)

#48

Skulen er for god til å leggast ned

Hildegunn Aamot Dahl (Førde, 2025-02-04)

#54

Som tidlegare lærar ved Flatene skule, så veit eg at det er ein fantastisk god og tilrettelagt skule.

Monica Stubseid (Førde, 2025-02-04)

#58

Bevar Førde sin beste barneskule!!

Sissel Svoen (Førde, 2025-02-04)

#66

Skulen er viktig for ungane!

Martin Furelid (Førde, 2025-02-04)

#67

Skulen er viktig for lokalsamfunnet og tryggheten til små ungar.

karl Norbom (Førde, 2025-02-04)

#72

Flatene skule er spesialbygd for dei minste elevane. Det er eitt hus for kvart klassetrinn. Elevane har dei same vaksne rundt seg både i skule og sfo. Å ta ifrå dei aller minste dette tilbudet er ei tragedie!

Anne-Liv Ehamparam (Førde, 2025-02-04)

#73

For å bevare skulen i nærmiljøet og skulen eg sjølv gjekk på!

Jonas Njøsen Hilding (Førde, 2025-02-04)

#77

Flatene skule er en mønster barneskule som må beholdes!

Diana Hetle (Førde, 2025-02-04)

#80

Barnas trygghet og tilhørighet til nærmiljøet sitt. Det må også bli slutt på den sløsingen med penger med stadige ombygginger for så å legge ned. Vil ha en kommune som setter barnas trygghet i førersete.

Gudrun Bekken (Førde, 2025-02-04)

#95

Det er viktigere enn noen gang å beholde skulane i kretsen.

Kari Andal Hoel (Oppdal, 2025-02-04)

#106

Ikkje legg ned skulen

Amalie Kvellestad (Kaupanger, 2025-02-04)

#114

Er bestemor til ein gut som skal begynne i 1.klasse der til hausten. Og ein til som er 3 år yngre. Dei bur i nærområde der.

Siv Tone Bygstad (Bygstad, 2025-02-04)

#115

Jeg har hatt barn der selv, og synes at politikerne har aldeles gått fra konseptene.

Anita Solsvik (Førde, 2025-02-04)

#119

Flatene barneskule er meir enn ein skule – han er ein sosial møteplass og ein viktig del av nærmiljøet, også utanfor skuletida. Skulen sitt unike uteområde gir barna moglegheit for fysisk aktivitet og kreativ leik. Nedlegging vil svekkje lokalsamfunnet og kan føre til redusert tilflytting. Økonomiske innsparingane er ofte minimale, mens dei langsiktige konsekvensane er store.

Vi må sikre Flatene barneskule for framtida. Bevar ein skule som skapar samhald, læring og trivsel!

Thomas Baade (Førde, 2025-02-04)

#139

Flatene og Halbrend er viktige skular for å ha eit godt skuletilbod i ein stor bydel av Førde særleg for å sleppe trafikkfarleg skuleveg for ungdomane som blir flytta til Førde sentrum. Skule er viktig for å oppretthalde vekst i kommunen.

Jan Arne Aasen (Førde, 2025-02-04)

#143

På ytre Hafstad har vi det gylne treangel med barnehage, barneskule og ungdomsskule, alt i nærheten. Det blir mindre trafikk og en bevarer vennskaps i mange år. Vi slepper å køyre gjennom bomstasjon for å levere barna våre. Bevar vår tryggleik og sørg for å satse på barn og unge. Uten dei, i Sunnfjord kommune blir vi lite attraktive for å vekse.

Unni Kriken (førde, 2025-02-04)

#160

Flatene skule er bygd for dei minste barna og skulen er heilt unik i si oppbygging. Dette gir barna det beste utgangspunkt for trygge overgongar i løpet av skuledagen og gir elevane ei god oversikt. Trygge rammer gir god læring. Uteområdet er òg fantastisk og variert noko som er ei veldig god ramme for leik!

Reidun Austbø (Førde, 2025-02-04)

#161

En skam å legge ned en mønsterskole, det er så bra at slike skoler finnes, for både elever og foreldre, det er trygghet!!!

Helen Hovland (Bergen, 2025-02-04)

#163

#laflateneskuleleve

Jermaine Boge (Førde, 2025-02-04)

#183

Skulane må forbli i nærmiljøa i Sunnfjord! Flatene Skule ilagmed Halbrend gir eit trygt og godt oppvekstmiljø i sitt nærmiljø.

Arild Tistel (Førde, 2025-02-05)

#185

Vi treng alle barneskulene vi har i Førde!

Turid Holme (Førde, 2025-02-05)

#188

Jeg signerer som bestemor til en av elevene på skolen samt for kommende elever. La barna få en skole de fortjener !

Greta Solvik (Kvammen, 2025-02-05)

#193

Minste tanteguten Thor går på den skulen.

Ingrid Taline Tonning (Førde, 2025-02-05)

#195

Eg synst dei legger ned alt for mange skuler no for å sentralisere ting! Både i byene og ute i bygdene, kjem til å gå utover alt for mange unger som kanskje sliter, og familier som sliter. Det blir for mange unger i en klasse i forhold til ka som er rett med en lærer, for å få riktig hjelp til kvert individ. Flatene er èin fantastisk bra skule til ungene som bur i det distrikte, og er min gamle skule, der mine søstre no går.

Helene Hatlem Steen (Førde, 2025-02-05)

#197

Lat oss få behalde skulen vår! Den trygge, gode skulen som er tilrettelagt for dei yngste barna våre. Der dei som er sårbare og usikre kan få ein oversiktleg start på eit langt skuleliv, og skape gode muligheter for læring, trivsel, leik og omsorg vidare. Der ein har tilrettelagt uteområde, klasserom og SFO - lokaler. Der vaksne kjenner barna og barna kjenner kvarandre slik at elevane kan bli sett og høyrt, og få eit godt grunnlag for å utvikle seg i kjende, trygge rammer.

Kristin Bjørkhaug (Førde, 2025-02-05)



Betalt annonsering

Vi vil annonsere dette oppropet til 3000 mennesker.

Lær mer ...