Planpause Geilo/Hol

Kontakt personen bak underskriftskampanjen

Planvask

2024-10-10 16:37:08

Nå går debatten om planvask for fullt - er det en gang du skal si noe om framtida, er det kanskje nå?


Ola Vaagan Slåtten (på vegne av en stor initiativgruppe)

Valg 2023

2023-09-06 17:07:09

Godt valg 👍


Ola Vaagan Slåtten (på vegne av en stor initiativgruppe)

Press på landbruk mv.

2023-07-09 14:20:56

Ett ord som kan være nyttig framover, for å få til (debatt om) en balansert uvikling, man være "overturisme"

 

https://naob.no/ordbok/overturisme


Ola Vaagan Slåtten (på vegne av en stor initiativgruppe)

Valg 2023

2023-05-30 19:42:34

I høst kan man i Hol og i andre kommuner stemme for en politikk som tar mer hensyn til naturen og et trygt og godt bomiljø i alle grender. Godt valg når den tid kommer 👍


Ola Vaagan Slåtten (på vegne av en stor initiativgruppe)

Arealdebatt, følg gjerne opp

2022-10-16 10:39:12

Avisa Hallingdølen torsdag: Det er framtida til neste generasjon som står på spel!

Hol kommune er i gang med eit svært viktig arbeid med å revidere kommuneplanens arealdel.

Formålet med planen er å skapa lang og føreseieleg politikk og arealbruk for kommunens innbyggjarar. 

Det er framtida til dei neste generasjonane – framtida til villreinen, rypa, beitenæringa og naturmangfaldet som står på spel i detta arbeidet. 

Det er nett kome ei utgreiing om fritidsbustader, som gjer innspel til arealdelen: 

• Hol kommune har bygd 5 832 hytter fram til 2022. Då er ikkje fritidsleilegheiter eller einingar registrert som næringsseksjonar rekna med.

• I gjeldande arealplan er det berekna ein godkjent reserve på 4 598 einingar til fritidsformål. Av desse er 2 972 byggeklare einingar. Dette talet kan bli høgare ettersom ein ikkje pr. no veit korleis eigendomane skal utnyttast.

• Desse fritidsbustad-reservane er i alle delar av kommunen.

• Det er stort press på infrastruktur i alle delar av kommunen. 

Hytteutbygging, fritidsleilegheiter og økt tilrettelegging av stigar og løyper, har allereie ført til meir ferdsel og med det store problem for viktige vilt- og beiteområde. I Rondane snakkar ein til dømes om at leveområda til villreinen er halvert i vår korte levetid. Talet på dyr her på kloden er halvert i same periode. Me lever i ei masseutryddingstid, på grunn av arealdisponeringar,- alt før varmare klima har slått skikkeleg til.

Beitebrukarane har eit langsiktig tidsperspektiv, som ser generasjonar fram i tid. Og innsatsen er heilt grunnleggande for at folk har mat på bordet. Den siste utviklinga i Hol kommune er ein direkte trussel mot beitenæring og vilt. Ferdselen i utmarka er for stor. Det bør vurderast å etablere «hensyns-soner» for å regulere dette. Desse kan etablerast i viktige sleppe-, sanke- og stølsområde, samt i viktige beite- og leveområde for vilt.

Konsekvensane me frykter er at heile beitenæringa på sikt blir lagt død. 

Meir fritidsutbygging i Hol kommune bidreg til å auka den samla belastninga på villreinstammane omkring oss. Tilstanden til Nordfjella- og Hardangervidda-reinen er vurdert som dårleg i kvalitetsnormen for villrein. Menneskeleg påverknad vert peikt på som ei viktig utløysande årsak til dette.

 

Me meiner at område som er regulert til spreitt fritidsbusetnad er avleggs, og legg beslag på store areal. Gamle planar og reguleringar som ikkje er tatt i bruk, må takast ut av planen. 

 

Fortetting av eksisterande hytteområde må vurderast nøye. Mange hyttefelt ligg allereie i sårbare område og i område som har underdimensjonert infrastruktur. Arealnøytralitet er sjølvsagt, ein bør ikkje legge inn nye område i planen. 

 

Dei sterke utbyggingsinteressene har i vår tid fått sitt, og meir enn det, no er det på tide å tenke på andre interesser. Me oppmodar politikarane lokalt og sentralt til å tenke langt, og sette desse interessene først no:

 

- Dei neste generasjonane

- Beiteområda til husdyr

- Beiteområda og leveområda til viltet

 

No er det opp til politikarane å velje om det er sin eigen administrasjon, og andre fagfolk, dei skal lytte til, eller om det er dei sterke utbyggjarinteressene. Me er sikre på kva framtida ventar at vi gjer.

 

Liv Marit Hamarsbøen, leiar Hol Bondelag

Jon Øen, leiar Hol Sankelag

Runar Tufto, leiar Villreinnemnda for Nordfjella, Raudafjell og Fjellheimen 

Guro Synnøve Villand, leiar Hol Bonde og Småbrukarlag 

Ola Vaagan Slåtten, Langfjellaseminaret

Tarjei Breie, grunneigar og bonde

Lars Slettemoen, grunneigar og bonde

Robert Søndrål, grunneigar og bonde

Jan Ingvar Dokken, grunneigar og bonde

Ann Kristin Hole Dokken, grunneigar og bonde

Odd Slåtten, grunneigar

Åsrunn Vaagan Slåtten, grunneigar


Ola Vaagan Slåtten (på vegne av en stor initiativgruppe)

Forvente ansvar

2022-07-10 14:49:02

Vi må forvente, forvente ansvar av kvarandre, offetlege som private

2.6 var ca. 90 personar med og drøfta "Framtida i Hol" på biblioteket på Geilo, flott tiltak frå biblioteket. https://www.hallingdolen.no/nyheiter/bygdefolket-onsker-seg-bustader-utbyggingstopp-og-a-verne-naturen/

Det er nye tal på bordet, og forstår vi forrige regjering ved Hareide rett, hadde ein tatt andre val om ein hadde visst kor mykje CO2 som vert slept ut ved vegbygging mv. Eit stort myrområde eller eit hyttefelt kan tilsvare 150-200 000 bilars utslepp i eit år. Dette er store utslepp som må hentast inn att ved andre og kanskje svært smertefulle tiltak. Og så kjem dei direkte og indirekte ulempene for ville dyrs leveområder og trekkruter i tillegg, som fysisk stengde trekkruter, eller meir ferdsel i sårbare område. Til dømes har villreinen i Rondane vel fått halvert sitt leveområde i levetida til ein middelaldrande nordmann. Og antallet ville dyr på jorda er halvert i same svært korte periode. I eit geologisk perspektiv, er dette mest å samanlikne med eit meteortreff.

Den forrige masseutryddelsen av artar var då dinosaurane forsvann. Dette er ei krevjande tid med krig, naturkrise og klimaendringar, men vi kan, om vi vil, ta gode val som etterkvart kan gje ei framtid der vi kan leva innanfor naturens tolegrenser, vi må iallefall prøve?

Ja, vi må meir enn å prøve. Vi må forvente av private som offentlege aktørar at dei ikkje lenger snakkar om at utbygging "er i henhold til plan", men at dei sjekkar ut om planen er innafor tålegrensene, når ein tek med ny viten frå dei siste par åra.

Vi må forvente ansvar, av kvarandre. Då blir det bra, og då kan det bli moro. Ja, til å leve med.


Ola Vaagan Slåtten (på vegne av en stor initiativgruppe)

Rauland, Vinje, Hol/Geilo, Valdres og nå Kragerø!

2022-06-17 16:12:52

Kampanjen vår er i støtet, sakte men sikkert vinnes terreng for en mer bærekraftig utvikling. Et år for endring, 21/22:-) https://www.nrk.no/vestfoldogtelemark/flere-kommuner-setter-pa-bremsen-i-hyttebygging-1.16004938

 


Ola Vaagan Slåtten (på vegne av en stor initiativgruppe)

Nye tider

2022-05-31 07:06:27

Det er nye tal på bordet, og forstår vi forrige regjering ved Hareide rett, hadde ein tatt andre val om ein hadde visst kor mykje CO2 som vert slept ut ved vegbygging mv. Ei stor myr eller eit hyttefelt kan tilsvare 150-200 000 bilars utslepp i eit år. tte er store utslepp som må hentast inn att ved andre og kanskje smertefulle tiltak. Og så kjem ulempene for ville dyrs leveområder og trekkruter i tillegg. Til dømes har villreinen i Rondane vel fått halvert sitt leveområde i levetida til ein middelaldrande nordmann. Den forrige masseutryddelsen av artar var då dinosaurane forsvann. Det er ei krevjande tid med krig, naturkrise og klimaendringar, men vi kan, om vi vil, ta gode val som etterkvart kan gje ei framtid der vi kan leva innanfor naturens tolegrenser, vi må iallefall prøve? Følg med, bli med, i til dømes på "Bedre bygder" på fjesboka, eler i aviser og andre fora. :-)  PS. Tru om ikkje eit samfunn innafor naturens tolegrenser er vel so morosamt å leve i?


Ola Vaagan Slåtten (på vegne av en stor initiativgruppe)

Ekspertisen om byggestopp

2022-04-20 17:28:46

Ola Vaagan Slåtten (på vegne av en stor initiativgruppe)

Norsk hyttedebatt

2022-01-31 19:18:51

Planpause Geilo/Hol + et tilsvarende initiativ i Rauland i forkant av det, har ført til en nasjonal hyttedebatt (areal/ferdsel) i 2021-2022. Mye drahjelp fikk en og av en grundig artikkelserie i Avisa Valdres. Lokale medier som Hallingdølen og Telemarks-avisene tok også tak i temaet, det samme gjorde NRK-TV Buskerud, NRK Dagsnytt 18, Nationen, Morgenbladet i flere oppslag, og nå har også Aftenposten kjørt en serie der en ser på seriøsiteten til (utenlandske) aktører i hytteboomen. Ballen ruller.

Se også "Bedre bygder" på fjesboka, for en oppdatering på artikler/nyheter om temaet.


Ola Vaagan Slåtten (på vegne av en stor initiativgruppe)



Del denne underskriftskampanjen

Hjelp dette oppropet å innhente flere signaturer.

Hvordan markedsføre et opprop?

  • Del oppropet på Facebook-veggen din og i grupper som har med emnet i oppropet ditt å gjøre.
  • Kontakt vennene dine
    1. Skriv en melding der du forteller om hvorfor du har signert dette oppropet. Det er mer sannsynlig at folk signerer hvis de forstår hvor viktig temaet er.
    2. Kopier og lim inn nettadressen til oppropet i meldingen din.
    3. Send beskjeden ved hjelp av e-post, SMS, Facebook, WhatsApp, Twitter, Skype, Instagram og LinkedIn.



Betalt annonsering

Vi vil annonsere dette oppropet til 3000 mennesker.

Lær mer ...