Nei til nedlegging av Åram ferjekai

Kontakt personen bak underskriftskampanjen

Møte med fylkespolitikarar i Vanylven

2023-02-01 16:17:09

Dette kan lesast i Synste Møre i dag (for abonnementar):
"Etter sterk oppmoding frå lokale krefter i Vanylven planlegger politiske og administrative leiarar å vitje Vanylven i saka om nedlegging av Åram ferjekai.
..."

No har vi ein sjanse til å få lagt fram konsekvensar ved å legge ned Åram ferjekai, og å argumentere mot det.
Vi kjem tilbake med meir informasjon når vi har det.


Frode Høgset

Informasjonsmøte om ombygging av ferjekaiene

2023-01-23 12:07:48

Hugs informasjonsmøta om ferjekaiene i morgon, onsdag og torsdag. Møt opp for å få informasjon, stille spørsmål og kome med innspel.

Åram skule (Grendastova) 24.1 kl. 17
Larsnes (Breidablikk) 24.1 kl. 20
Kvamsøy (Høgtun) 25.1 kl. 17
Voksa (Dollstun) 26.1 kl. 17

Første møte i samferdselsutvalet i fylket er 1. februar. Saka om nedlegging av Åram ferjekai kjem nok opp der i første instans, før den går vidare i det politiske systemet. Inntil det er fatta eit vedtak i denne saka, vil det ikkje bli påbegynt arbeid ved Åram ferjekai.

Sjå elles Facebook-sida vår for meir informasjon.

mvh aksjonen "Nei til nedlegging av Åram ferjekai"
v/Frode Høgset


Frode Høgset

Sender liste til fylkespolitikarar torsdag

2022-12-06 09:01:55

Vi har no over 600 signaturar og mange kommentarar og argument for å behalde Åram som stoppestad på rute 01. Dette er kjempebra! Vi kjem til å sende lister og kommentarar til fylkespolitikarane på torsdag, så del gjerne for å få med flest mogleg på lista før dette.

12. desember er det budsjettmøte i fylkestinget. Dei kan ikkje fatte vedtak i denne saka der, sidan dei har gitt Sande og Vanylven kommune frist til 15. desember med å gi høyringsuttale på deira forslag. Men det er viktig at vi informerer om motstanden, konsekvensane med og argumenta mot å leggje ned Åram ferjekai.

Oppropet kjem til å stå ope framover, då denne saka framleis vil vere uavklart ei stund. Igjen takk for støtta!

Frode Høgset
for aksjonen "Nei til nedlegging av Åram ferjekai"


Frode Høgset

Takk for all støtte

2022-11-23 14:00:11

Tusen takk til alle som har signert og kommentert oppropet så langt. Det er heilt tydeleg at denne saka engasjerer og at dette sambandet er viktig for mange. Fortset med å dele og oppfordre til å signere. Til fleire vi er til sterkare pressmiddel har vi overfor politikarane og fylket når dei skal fatte beslutning i saka.


Frode Høgset



Del denne underskriftskampanjen

Hjelp dette oppropet å innhente flere signaturer.

Hvordan markedsføre et opprop?

  • Del oppropet på Facebook-veggen din og i grupper som har med emnet i oppropet ditt å gjøre.
  • Kontakt vennene dine
    1. Skriv en melding der du forteller om hvorfor du har signert dette oppropet. Det er mer sannsynlig at folk signerer hvis de forstår hvor viktig temaet er.
    2. Kopier og lim inn nettadressen til oppropet i meldingen din.
    3. Send beskjeden ved hjelp av e-post, SMS, Facebook, WhatsApp, Twitter, Skype, Instagram og LinkedIn.



Betalt annonsering

Vi vil annonsere dette oppropet til 3000 mennesker.

Lær mer ...