Nei til hydrogen- og ammoniakkfabrikk på Holmaneset

Kontakt personen bak underskriftskampanjen

Nei til hydrogen- og ammoniakkfabrikk på Holmaneset

2024-09-01 15:45:21

Takk til alle som skreiv under på underskriftskampanjen "Nei til hydrogen- og ammoniakkfabrikk på Holmaneset"

Vi avsluttar no denne aksjonen. Vi fekk over 800 unike underskrifter gjennom fysiske underskrifter og denne som var digital. 

Vi leverer alle underskriftene til kommunen før neste kommunestyremøte 12.09.24.

 

Igjen: Takk for bidraget!

 

Venleg helsing

Frode Steinset,

Folkeaksjonen mot hydrogen- og ammoniakkfabrikk på Holmaneset


Frode Steinset

Sei nei til ammoniakkfabrikk på Holmaneset!

2024-05-10 09:39:10

Reguleringsaka om Holmaneset skal snart opp i Formannskapet, og etter det blir det høyring i 6 veker. Dette betyr at høyringa kanskje blir lagt midt i sommarferien og går under radaren for mange 

No er det òg oppdaga ein steinalderbuplass i Olavika ytst ute på Holmaneset, og seier vi ikkje tydeleg ifrå, vil truleg også den sprengt i fillebitar. Det er mange som er uikre på denne fabrikken på grunn av alle lovnadene om alt flott som skal komme rekande om fabrikken blir bygd. Kommunen si såkalla verdiskapingsanalyse er ein del av denne salsprosessen, der vi skal få inntrykk av at Svelgen vert sentrum i verda for det grøne skiftet. Sanninga er vel heller at det ikkje vil kome mange arbeidsplassar frå denne fabrikken. Om ein skreller bort alle dei vakre lovnadene om ringverknader og kor positive FFI vil vere til bidrag til alt frå lærlingeplassar, lokale leverandørar, park og svømmehall, så sit vi att med ein gigantisk storulukkefabrikk på det raserte Holmaneset og ei naturperle som aldri meir kan nyttast til rekreasjonsområde for bygda. Straumprisane og nettleiga vil stige for oss alle, og andre arbeidsplassar blir sett i fare. Dersom det skjer ei storulukke på Holmaneset, kan hundrevis av liv gå tapt. Er det dette vi vil?


Frode Steinset



Del denne underskriftskampanjen

Hjelp dette oppropet å innhente flere signaturer.

Hvordan markedsføre et opprop?

  • Del oppropet på Facebook-veggen din og i grupper som har med emnet i oppropet ditt å gjøre.
  • Kontakt vennene dine
    1. Skriv en melding der du forteller om hvorfor du har signert dette oppropet. Det er mer sannsynlig at folk signerer hvis de forstår hvor viktig temaet er.
    2. Kopier og lim inn nettadressen til oppropet i meldingen din.
    3. Send beskjeden ved hjelp av e-post, SMS, Facebook, WhatsApp, Twitter, Skype, Instagram og LinkedIn.