Si JA til #styrkjordvernet

Morgonfugl

/ #55 Jordvern og bybane

2013-11-28 20:46

I Bergen må BIR grava opp og skrota fjernvarmerøyr for feirfoldige millionar fordi Bybanen skal gå der røyra ligg. I utgangspunktet skulle Bybanen gå på andre sida av Flyplassvegen, men der er det LNF-område og det kan ikkje rørast. Dette LNF-området er utmark og ikkje i bruk, vil nok heller aldri bli brukt til matproduksjon. Men i Os derimot, der kan god matjord brukast til å byggja hus på og til anna næring enn jordbruk. For ikkje å snakka om Trondheim, som legg 1000 daa god kornåker ut til utbygging. Forstå det dei som kan.