Bevar Fløen Parsellhage


Gjest

/ #59

2016-10-31 11:03

Eg støttar dette oppropet fordi eg ser det som ein måte å bevare demokratiet på.

I denne saka viser byråkratane og næringslivet atter ein gong korleis dei på ein arrogant måte tar styringa i saker som gjeld alle innbyggarar i byen vår utan at dei lyttar til folkets interesser.

Eg undrar meg også over at ingen politikarar så langt har uttalt seg eller har ei klar meining i ei så viktig sak.

Forstår dei ikkje at det er dei som skal bestemma uansett kva byråkratane meiner?

Har dei gløymt sine valløfter og den tilliten dei er valt på grunnlag av?

Er dei dumme eller berre feige? Forstår dei ikkje at dei som politikarar er sett til å meina noko, laga ein heilskapeleg plan på tvers av dei ulike byrådsavdelingane og at det blir forventa at dei viser handlekraft gjennom å overstyra beslutningar i samarbeid med folket undervegs i prossessen og når det kjem til sluttresultatet.