Meieriet på Voss

Enno ein gong er meieriet på Voss i fare for å bli nedlagt. Meieriet i Haugamoen nærmar seg 70 år og har vore arbeidsplassen til mange på desse åra. Tidlegare låg meieriet i sentrum , like ved der Ringheimsvegen starta, og det er truleg godt over 100 år sidan, skal me no missa meieriet ? Det blir produsert 2500 tonn Norvegia og 45 tonn Vossadravle årleg på Voss.  Det er viktige arbeidsplassar i bygda, både for den enkelte og familien deira. Og det er med og held opp eit miljø i jordbruksbygda Voss, Den største mellom Rogaland og Trøndelag.  Det er berre på Voss ein kan produsera Vossadravle, kompetansen finst ikkje andre stader.  I Tine sin mål og visjon står det " Tine skal ta hensyn til sine omgivelser. Forbruker og kunder vil derfor i stadig større grad stille krav til at varer og tjenester er produsert på en hensynfull  og forsvarlig måte " og hvis mjølka frå Voss og Hardanger skal køyrast til Jæren, Bergen og Ørsta vil det vera dårleg miljømessig og dårlegare berekraft.  For nokre år sidan vart meieriet i Øystese lagt ned, det vart sagt at ein kom til å spara 1 million i året, fakta var at det fyrste året tapte dei 70 mill og det vil då seia at det tek 70 år før det blir noko som helst effekt.  og transportkostnadane har auka og det må takast med i rekneskapen for ein besparing. Signer og del dette oppropet og hugs å godkjenn på eposten din 

Signer dette oppropet

Ved å signere godtar jeg at Anita Jordalen vil kunne se all informasjon jeg oppgir på dette skjemaet.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.

Vi viser ikke e-postadressen din offentlig på nettet.


Jeg samtykker til behandling av opplysningene jeg oppgir på dette skjemaet for følgende formål:




Betalt annonsering

Vi vil annonsere dette oppropet til 3000 mennesker.

Lær mer ...