Hald fram med dans- og dramalinja ved Firda vgs!

Kommentarer

#1202

Viktig å halde på eit fagleg godt og sosialt trygt miljø.

Dag-Olav Bjorøy (Ågotnes, 2024-04-07)

#1207

Eg gjekk sjølv på musikklinja v/Firda vgs frå 1989-1992. Måtte flytte på hybel for å kunne gjere det, men hadde nok ikkje reist lenger enn frå Selje til Sandane som 16-åring. Så takknemleg for å kunne få gå på nettopp denne linja. Låg stoltheit i det å få komme inn på linja. Fantastisk merkevarebygging av skulen og bygda Sandane grunna det var status å gå der fordi det var høg kvalitet på tilbodet som vart gitt. Dette merkevaret ser eg har minst like stor tyngde framleis. Kvifor fjerne det som funkar «som ei kule? Tar kort tid å rive ned og lang tid å bygge opp att.

Martha Helen Listou (Brattholmen , 2024-04-07)

#1216

Vi må ha eit slikt tilbod i Sogn og Fjordane

Astrid Underlid (Bergen , 2024-04-07)

#1220

Som tidlegare elev på linja kan eg med handa på hjartet ikkje forestille meg at eit tilbod i Bergen vil kunne erstatte dette. Miljøet, kompetansen, samhaldet, skulestaden. Skulestaden og miljøet gjev tryggleik til tilreisande elevar frå gamlefylket. For mange vil det verte uaktuelt å sende ungdomane på hybel i by’n. Det er ein møtestad for unge kreative i Sogn og fjordane. Sjølv om vi no er ein fylkeskommune er vi likevel S&F og Hordaland. Kompetansearbeidsplassane og ikkje minst viktige bidrag til kulturlivet strekk seg vidare enn Sandane. Ikkje ta livet av denne studieretninga på denne studiestaden, som har vore og kjem til å vere, så vanvittig viktig for unge kreative sjeler i fylket som treng å finne sine eigne - treng å finne seg sjølv!

Åsta Urdal (Leikanger, 2024-04-07)

#1226

MDD-linjer er viktige! Jeg er musiker og hadde aldri klart det uten å ha gått på musikklinja. Det samme gjelder en masse skuespillere og dansere. Vi vil ikke at kunst og kultur bare skal være forbeholdt de fra Oslo

Ida Johanne Wahl (Odende, 2024-04-08)

#1232

Eg signerer fordi Firda vidaregåande skule er ein viktig skule for heile Sogn og Fjordane

Ingrid Heien (Sandane, 2024-04-08)

#1238

Tidligare elev som elskar denne linja ❤️

Stine Sortevik (Florø, 2024-04-08)

#1243

Eg unner dagens ungdom å få gå på MDD, slik eg gjorde for 30 år sidan. Det var uvurderlig viktige, gode og lærerike år, som eg ser på som nokre av dei beste i livet mitt. Gode, varige vennskap, og uendeleg mykje musikk og kultur har kome ut av det eg lærte desse åra.

Stine Storevik (Stryn, 2024-04-08)

#1256

Eg kjenner mange gloppar i ungdomsskulen og barneskole som glede seg til å start med dans musikk og drama linje.

Evangeline Sessford (Sandane, 2024-04-08)

#1264

Vi treng slike skular i distrikta👍

Torbjørg Aasen (Askvoll , 2024-04-08)

#1291

Eg har vennar som har fått uttrykke seg sjølv

Theo Sebastian Lundekvam Nes (6973, 2024-04-08)

#1292

Har m.a. hatt eigen son på lina.

Tom Sølve Myklebust (LEIKANGER, 2024-04-08)

#1325

Eg sjølv gjekk Dramalinja på Firda VGs og dette har vert nokon av dei beste åra i livet mitt. Firda er ein utruleg trygg plass for ein ung person å utvikle seg og har eit utruleg bra miljø. Desse linjene er utruleg viktige studietilbud for kreative ungdommar som ikkje har lyst/kan flytte heilt til Bergen!

Nikoline Samuline Førde Torvanger (OSLO, 2024-04-08)

#1335

Eg har sjølv gått på Firda og veit kor betydningsfullt det er for dei som ønskjer eit slikt tilbod i nærleiken, men også fordi elevane ved både dans -og musikklinja bidreg til eit godt miljø på skulen for alle dei andre elevane som går der. Det vil også svekke sjølve omdømme til skulen ved å ta dette bort, då Firda har rykte på seg for å vere ein god skule for elevar som ønsker ein litt meir kreativ skulekvardag.

Wibeke Bruland (Utvik, 2024-04-08)

#1358

Vi kan ikke miste flere linjer , vi må heller ha flere.

Kari Holtermann Øyen (Inderøy, 2024-04-08)

#1359

Som over, og for at Firda vgs. Skal ha eit godt undervisningsår-unnlat.

Kåre Rypdal (Trondheim, 2024-04-08)

#1371

Dans/Drama + Musikk linja er sjølve kjerna på Firda VGS. Tek du vekk det, fjernar du det som gjer Firda til ein unik skule.
Får politikarane dette gjennom, i tillegg til forslaget om å fjerne studie-spes, har du da fjerna halve tilbodet på Firda VGS. Kva vil neste forslaget vere? Fjerne idrett og Musikk, og alt i alt skulen?

Johannes Paulides (Årdalstangen, 2024-04-08)



Betalt annonsering

Vi vil annonsere dette oppropet til 3000 mennesker.

Lær mer ...