Planpause Geilo/Hol
Kontakt personen bak underskriftskampanjen
Planvask
2024-10-10 16:37:08Nå går debatten om planvask for fullt - er det en gang du skal si noe om framtida, er det kanskje nå?
Ola Vaagan Slåtten (på vegne av en stor initiativgruppe)
Valg 2023
2023-09-06 17:07:09Godt valg 👍
Ola Vaagan Slåtten (på vegne av en stor initiativgruppe)
Press på landbruk mv.
2023-07-09 14:20:56Ett ord som kan være nyttig framover, for å få til (debatt om) en balansert uvikling, man være "overturisme"
Ola Vaagan Slåtten (på vegne av en stor initiativgruppe)
Valg 2023
2023-05-30 19:42:34I høst kan man i Hol og i andre kommuner stemme for en politikk som tar mer hensyn til naturen og et trygt og godt bomiljø i alle grender. Godt valg når den tid kommer 👍
Ola Vaagan Slåtten (på vegne av en stor initiativgruppe)
Arealdebatt, følg gjerne opp
2022-10-16 10:39:12Avisa Hallingdølen torsdag: Det er framtida til neste generasjon som står på spel!
Hol kommune er i gang med eit svært viktig arbeid med å revidere kommuneplanens arealdel.
Formålet med planen er å skapa lang og føreseieleg politikk og arealbruk for kommunens innbyggjarar.
Det er framtida til dei neste generasjonane – framtida til villreinen, rypa, beitenæringa og naturmangfaldet som står på spel i detta arbeidet.
Det er nett kome ei utgreiing om fritidsbustader, som gjer innspel til arealdelen:
• Hol kommune har bygd 5 832 hytter fram til 2022. Då er ikkje fritidsleilegheiter eller einingar registrert som næringsseksjonar rekna med.
• I gjeldande arealplan er det berekna ein godkjent reserve på 4 598 einingar til fritidsformål. Av desse er 2 972 byggeklare einingar. Dette talet kan bli høgare ettersom ein ikkje pr. no veit korleis eigendomane skal utnyttast.
• Desse fritidsbustad-reservane er i alle delar av kommunen.
• Det er stort press på infrastruktur i alle delar av kommunen.
Hytteutbygging, fritidsleilegheiter og økt tilrettelegging av stigar og løyper, har allereie ført til meir ferdsel og med det store problem for viktige vilt- og beiteområde. I Rondane snakkar ein til dømes om at leveområda til villreinen er halvert i vår korte levetid. Talet på dyr her på kloden er halvert i same periode. Me lever i ei masseutryddingstid, på grunn av arealdisponeringar,- alt før varmare klima har slått skikkeleg til.
Beitebrukarane har eit langsiktig tidsperspektiv, som ser generasjonar fram i tid. Og innsatsen er heilt grunnleggande for at folk har mat på bordet. Den siste utviklinga i Hol kommune er ein direkte trussel mot beitenæring og vilt. Ferdselen i utmarka er for stor. Det bør vurderast å etablere «hensyns-soner» for å regulere dette. Desse kan etablerast i viktige sleppe-, sanke- og stølsområde, samt i viktige beite- og leveområde for vilt.
Konsekvensane me frykter er at heile beitenæringa på sikt blir lagt død.
Meir fritidsutbygging i Hol kommune bidreg til å auka den samla belastninga på villreinstammane omkring oss. Tilstanden til Nordfjella- og Hardangervidda-reinen er vurdert som dårleg i kvalitetsnormen for villrein. Menneskeleg påverknad vert peikt på som ei viktig utløysande årsak til dette.
Me meiner at område som er regulert til spreitt fritidsbusetnad er avleggs, og legg beslag på store areal. Gamle planar og reguleringar som ikkje er tatt i bruk, må takast ut av planen.
Fortetting av eksisterande hytteområde må vurderast nøye. Mange hyttefelt ligg allereie i sårbare område og i område som har underdimensjonert infrastruktur. Arealnøytralitet er sjølvsagt, ein bør ikkje legge inn nye område i planen.
Dei sterke utbyggingsinteressene har i vår tid fått sitt, og meir enn det, no er det på tide å tenke på andre interesser. Me oppmodar politikarane lokalt og sentralt til å tenke langt, og sette desse interessene først no:
- Dei neste generasjonane
- Beiteområda til husdyr
- Beiteområda og leveområda til viltet
No er det opp til politikarane å velje om det er sin eigen administrasjon, og andre fagfolk, dei skal lytte til, eller om det er dei sterke utbyggjarinteressene. Me er sikre på kva framtida ventar at vi gjer.
Liv Marit Hamarsbøen, leiar Hol Bondelag
Jon Øen, leiar Hol Sankelag
Runar Tufto, leiar Villreinnemnda for Nordfjella, Raudafjell og Fjellheimen
Guro Synnøve Villand, leiar Hol Bonde og Småbrukarlag
Ola Vaagan Slåtten, Langfjellaseminaret
Tarjei Breie, grunneigar og bonde
Lars Slettemoen, grunneigar og bonde
Robert Søndrål, grunneigar og bonde
Jan Ingvar Dokken, grunneigar og bonde
Ann Kristin Hole Dokken, grunneigar og bonde
Odd Slåtten, grunneigar
Åsrunn Vaagan Slåtten, grunneigar
Ola Vaagan Slåtten (på vegne av en stor initiativgruppe)
Forvente ansvar
2022-07-10 14:49:02Vi må forvente, forvente ansvar av kvarandre, offetlege som private
2.6 var ca. 90 personar med og drøfta "Framtida i Hol" på biblioteket på Geilo, flott tiltak frå biblioteket. https://www.hallingdolen.no/nyheiter/bygdefolket-onsker-seg-bustader-utbyggingstopp-og-a-verne-naturen/
Det er nye tal på bordet, og forstår vi forrige regjering ved Hareide rett, hadde ein tatt andre val om ein hadde visst kor mykje CO2 som vert slept ut ved vegbygging mv. Eit stort myrområde eller eit hyttefelt kan tilsvare 150-200 000 bilars utslepp i eit år. Dette er store utslepp som må hentast inn att ved andre og kanskje svært smertefulle tiltak. Og så kjem dei direkte og indirekte ulempene for ville dyrs leveområder og trekkruter i tillegg, som fysisk stengde trekkruter, eller meir ferdsel i sårbare område. Til dømes har villreinen i Rondane vel fått halvert sitt leveområde i levetida til ein middelaldrande nordmann. Og antallet ville dyr på jorda er halvert i same svært korte periode. I eit geologisk perspektiv, er dette mest å samanlikne med eit meteortreff.
Den forrige masseutryddelsen av artar var då dinosaurane forsvann. Dette er ei krevjande tid med krig, naturkrise og klimaendringar, men vi kan, om vi vil, ta gode val som etterkvart kan gje ei framtid der vi kan leva innanfor naturens tolegrenser, vi må iallefall prøve?
Ja, vi må meir enn å prøve. Vi må forvente av private som offentlege aktørar at dei ikkje lenger snakkar om at utbygging "er i henhold til plan", men at dei sjekkar ut om planen er innafor tålegrensene, når ein tek med ny viten frå dei siste par åra.
Vi må forvente ansvar, av kvarandre. Då blir det bra, og då kan det bli moro. Ja, til å leve med.
Ola Vaagan Slåtten (på vegne av en stor initiativgruppe)
Rauland, Vinje, Hol/Geilo, Valdres og nå Kragerø!
2022-06-17 16:12:52Kampanjen vår er i støtet, sakte men sikkert vinnes terreng for en mer bærekraftig utvikling. Et år for endring, 21/22:-) https://www.nrk.no/vestfoldogtelemark/flere-kommuner-setter-pa-bremsen-i-hyttebygging-1.16004938
Ola Vaagan Slåtten (på vegne av en stor initiativgruppe)
Nye tider
2022-05-31 07:06:27Det er nye tal på bordet, og forstår vi forrige regjering ved Hareide rett, hadde ein tatt andre val om ein hadde visst kor mykje CO2 som vert slept ut ved vegbygging mv. Ei stor myr eller eit hyttefelt kan tilsvare 150-200 000 bilars utslepp i eit år. tte er store utslepp som må hentast inn att ved andre og kanskje smertefulle tiltak. Og så kjem ulempene for ville dyrs leveområder og trekkruter i tillegg. Til dømes har villreinen i Rondane vel fått halvert sitt leveområde i levetida til ein middelaldrande nordmann. Den forrige masseutryddelsen av artar var då dinosaurane forsvann. Det er ei krevjande tid med krig, naturkrise og klimaendringar, men vi kan, om vi vil, ta gode val som etterkvart kan gje ei framtid der vi kan leva innanfor naturens tolegrenser, vi må iallefall prøve? Følg med, bli med, i til dømes på "Bedre bygder" på fjesboka, eler i aviser og andre fora. :-) PS. Tru om ikkje eit samfunn innafor naturens tolegrenser er vel so morosamt å leve i?
Ola Vaagan Slåtten (på vegne av en stor initiativgruppe)
Ekspertisen om byggestopp
2022-04-20 17:28:46Ola Vaagan Slåtten (på vegne av en stor initiativgruppe)
Norsk hyttedebatt
2022-01-31 19:18:51Planpause Geilo/Hol + et tilsvarende initiativ i Rauland i forkant av det, har ført til en nasjonal hyttedebatt (areal/ferdsel) i 2021-2022. Mye drahjelp fikk en og av en grundig artikkelserie i Avisa Valdres. Lokale medier som Hallingdølen og Telemarks-avisene tok også tak i temaet, det samme gjorde NRK-TV Buskerud, NRK Dagsnytt 18, Nationen, Morgenbladet i flere oppslag, og nå har også Aftenposten kjørt en serie der en ser på seriøsiteten til (utenlandske) aktører i hytteboomen. Ballen ruller.
Se også "Bedre bygder" på fjesboka, for en oppdatering på artikler/nyheter om temaet.
Ola Vaagan Slåtten (på vegne av en stor initiativgruppe)