Nei til felles ungdomsskule på Hafstad!

Kommentarer

#2

Eg signerer fordi eg er uroa for dei psykososiale konsekvensane av å samle så mange ungdomsskuleelevar på Hafstad vidaregåande. Ein stor og uoversiktleg skule kan gjere det vanskelegare å skape eit trygt og inkluderande læringsmiljø, der lærarar og tilsette har oversikt og kapasitet til å følgje opp elevane på ein god måte. Når skulen ikkje er tilstrekkeleg tilrettelagd, verken fysisk eller sosialt, risikerer vi at fleire elevar fell utanfor, og at negativ ungdomskultur får utvikle seg. Tryggleik, trivsel og god oppfølging er avgjerande for elevane si psykiske helse og læring, og eg fryktar at desse omsyna ikkje vert godt nok ivaretekne i planane for Hafstad.

Ole Alexander Hamre (Førde, 2025-03-22)

#3

Å lage ein storskule midt i sentrum i eit ikkje-tilpassa bygg er så langt ifrå barn- og ungdom sitt beste som ein kjem.
Ettervirkninga av dette vil koste kommunen langt meir enn «innsparing» ved å gjennomføre. No må dei få auga opp!

Camilla Olset (Førde, 2025-03-22)

#9

Viser til dei gode argumenta over. Dette er ein kjempe dårlig ide, spesielt for dei sårbare elevane.

Gry Hauge Ulltang (Førde, 2025-03-22)

#17

Eg ynskje å oppretthalde kvaliteten på Halbrend Skule og er bekymra for en reduksjon av kvalitet ved sammenslåing for barna mine og andre som treng dette.

Mariann Flo (Førde, 2025-03-22)

#21

Fordi en storskule er katastrofe

Dan Mikal Ulltang (Førde, 2025-03-22)

#29

Ein stor ungdomsskule i sentrum framstår totalt uansvarleg både frå eit pedagogisk og frå eit folkehelseperspektiv. Det er heller ikkje konsekvensutgreia godt nok. Budsjettet er òg heilt urealistisk.

Julie Kirketeig (Førde, 2025-03-22)

#37

Eg har barn som blir råka…

Cecilie Kapstad (Førde, 2025-03-22)

#39

Eg signere fordi eg har søsken som må gå der.

Gunnhild Kapstad (Førde, 2025-03-22)

#48

Eg har søsken som kan måtte gå der.

Odd Arild Kapstad Fauske (Førde, 2025-03-22)

#52

Overfulle, store ungdomsskular med elendig uteområde, for få grupperom og spesialrom er oppskrift på problem. Kortsiktig innsparing.

Kirsten Mundal (Førde, 2025-03-22)

#53

Det vil ikkje vere plass!

Hedda Håberg (Førde, 2025-03-22)

#62

Vi vil ikkje ha ein stor og uoversiktleg skule for våre born!

Camilla Godø (Førde, 2025-03-22)

#74

Fryktar redusert kontroll, oversikt og oppfølging av elevane sin sosiale status. Redd for at mobbing, valdsepisodar, utestenging og mistrivsel ikkje vil bli fanga opp, og fulgt opp, ved større einingar. 4 parallellar er meir enn nok! Å auke opp til fleire, ser eg på som over kapasiteten til det eit samordna/samkjørt team klarer å følgje opp. Elevane vil bli ei masse, som ein kan velge å distansere seg frå....

Brita Jordanger Kirkeeide Kirkeeide (Sande, 2025-03-22)

#80

Hafstad vgs. egnar seg ikkje som felles ungdomsskule i Førde/

Lene Sørøy Neverdal (Førde, 2025-03-22)

#93

Det er feil å legge ein ungdomsskule midt i sentrum, det vil føre til at fleire vil falle ut som følge av at dei ikkje kjem til å være på skulen, men ute i sentrum. Dette er påvist resultat der det er gjort andre stader i landet. Droput aukar
Fleire får lengre skuleveg og fleire vil ha behov for skuleskyss.
Hafstad har ikkje plass til alle uten omfattende ombygging og investering.
Kapasiteten vil være sprengt på kort tid og det må byggast ny skule. Dagens to ungdomsskular har rom for den fleksibiliteten som kommunen bør ha.
Dersom ein skal ha ein ungdomsskule bør den ligge i nærleiken av Førdehuset og ungdoms aktiviteter og tilbod utviklast der i symbiose med skule og kultur og aktivitet i og rundt Førdehuset.

Jorunn Eide Kirketeig (Ulltang , Førde, 2025-03-23)

#106

Ungdommen trenger trygge, stabile forhold. Ein stor ungdomsskule er ikkje det!

Gunvor Solvik (Førde, 2025-03-23)

#117

Fordi eg ønsker mine barn skal få ein god og trygg skulegang.

Trond Vikum (Førde, 2025-03-23)

#131

Det blir ein altfor stor ungdomsskole. Elever med ulike behov blir ikkje fulgt opp. Dei som slit sosialt vil ha vansker med å finnes plass i et stort miljø

Eirin Gangeskar (Førde, 2025-03-23)

#137

Djupt uenig om storskule med tanke på store klasser, det å risikere å ikkje klare å sjå elevane og spesielt dei som treng å bli sett pga lese og skrivevansker/adhd etc, uoversiktlig med tanke på mobbing og utfrysing etc.

Det å sette opp en storskule slik vil føre til at alle som bør bli sett drukner i folkemengda.

Janne Flølo Kjøsnes (Førde, 2025-03-23)

#139

Er ueinig i å samle Halbrend og Førde ungdomsskule.

Kristine Fauske Skaar (Førde, 2025-03-23)

#140

Vil ikkje ha mine unger på ein stor ungdomskole.

Anette Rand (Førde, 2025-03-23)

#158

• Større einingar er ikkje alltid betre! Ungdommer i alderen 13-16år er sårenare og trenger å bli sett, både av medelevar og trygge, nære vaksne. Dette er det betre rom for i mindre einingar.
• uheldig plasseing av bygget
• finn det heller ikkje okonomisk teneleg å bygge om eit nytt bygg for å huse ungdomskulen når ein alt har to godt tenelege bygg.
• kjøp og ombygging av gamle Hafstad vgs er anslått i media å ligge kring 130 mill kr…. Sparekniven treng kanskje ikkje vere like skarp om kommunen sel gamle Hafstad vgs? Bomkjøp etter mi meining. Vi har veldige gode einingar som det er! La ungdomskulane bestå slik dei er i dag!

Aud Storøy (Førde, 2025-03-23)

#180

Skulen er ikkje stor nok til å skape ein god og trygg skulekvardag for alle ungdommane våre. Det er korkje nok spesialrom, grupperom eller rom til elevar med særskilte behov.

Nina-Camilla Helmen (Førde, 2025-03-23)

#183

La Halbrend skule være slik den er i dag.

Heidi Solem Kvamsdal (Førde, 2025-03-23)



Betalt annonsering

Vi vil annonsere dette oppropet til 3000 mennesker.

Lær mer ...